I tillegg til mange foto i dei 38 ulike artiklane på denne bloggen, har vi plukka ut nokre bilde som oppsummerer den flotte reisa vår til Kenya og Sudan januar og februar 2007:

NAIROBI, KENYA:

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Hovudstaden i Kenya er full av kontrastar. Sterkast opplevde vi det å besøke slummen i Mathare og Kibera. Ikkje berre søppel, stank og fattigdom, men enda meir dei venlege, takksame og gjestmilde folka som viste oss rundt, som vi blei litt kjende med, og som vi blei invitert heim til. Gutane frå MYSA var med oss i to dagar i Mathareslummen og på besøk i barneheim og ungdomsfengsel. Flotte gutar og sterke inntrykk.

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Filmen “Constant Gardener” er devis spelt inn her langs jernbanesvillene i Kibera, samt i Nord-Kenya og Sør-Sudan som vi besøkte. Med dette anbefalt.

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Mange i slummen er utan arbeid, men mange har og ulike jobbar i eller utafor slummen. Som sjåføren George, som var med oss på Safari og som vi blei veldig glade i. Han bur her i eit lite eitroms skur av blikkplater og papp saman med kone og barn. Tjener svært lite etter vår målestokk, men har ein anstendig jobb, og brukar det meste av løna til å forsørge sine 9 sysken, i tillegg til husleige, mat og klær til seg sjølv, kona og barnet. Ufatteleg for oss at det går an. Her handlar George litt verktøy i den lokale Hardware-sjappa.

Blog ImageBlog Image

Vicky og dottetra Victoria frå Mathare blei med oss på restaurant.

SAFARI I MASAI MARA:

Blog Image

Blog Image

Blog Image

I løpet av tre eventyrlege dagar i Masai Mara såg vi det aller meste.

Blog Image

Blog Image

TIL NARUS I SØR-SUDAN:

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Bli med på marknaden i Narus – vi vekker oppsikt som einaste kvite her.

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

I Narus er det 3 store skolar. Berre på St.Bakhita Primary School går her 740 jenter frå meir enn 20 stammer. Her har dei danseoppvisning for oss gjestane. Utruleg bra, og mykje å lære dersom vi hadde hatt nokre veker på oss…

Blog Image

Blog Image

Fint å gå ut på dei sudanske markane.

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Utsikt over Narus.

Blog Image

Om ettermiddagen møter vi mange gutar og kvinner på veg til brønnen for å hente vatn til familien. Nokre av landsbyane ligg langt unna vannkjeldene, men afrikanarane kan gå langt, barbeinte og med tunge bører.

Blog Image

Jo da, vi blei banka i volleyball:(

Blog Image

Blog Image

Sr. Edvine styrer grunnskolen i Narus. Ei fantastisk dame.

Blog Image

Blog Image

Lærarane på Secondary poserer. Alle kjem frå Kenya. Bra gjeng!

Blog Image

Kortspel med minikort i påvente av middag.

Blog Image

Klart for avreise til Kuron. Her saman med ei av dei to nydelege damene frå USA (til høgre) som avbraut arbeid i New York for mange år sidan for å vere her i Sør-Sudan for å be om fred og framtid i landet. Dei gjorde eit varmt og sterkt inntrykk på oss alle.

KØYRETUREN TIL KURON (10 TIMAR…):

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Blog Image

FRAMME I PEACE VILLAGE:

Blog Image

Blog Image

Biskop Paride Taban. Vi var så heldige å få lov til å vere gjestene hans.

Blog Image

Blog Image

Anja lærer å flette afrikansk hytte, men dei lokale damene er enda meir interesserte i håret og klærne til dei norske jentene.

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Vi besøkte alle dei fire skoleklassane i Kuron. Ole fortalte litt om kven vi var og kor vi kom frå, og poenterte kor viktig og flott det er å få lov til å gå på skole. Så song vi “Jeg gikk en tur på stien, før dei song for oss. Artig!

Blog Image

Blog Image

Ein del foreldre og andre vaksne samlar seg utafor skolen medan barna er inne og får lære å lese, skrive og rekne. Biskopen har som mål å kunne tilby undervisning også til dei vaksne snart.

Blog Image

Blog Image

Så mykje dansing av gutar og jenter, toposaer og nonner… Herlig!

Blog Image

Sister Cecilia gjer ein kjempejobb som rektor ved skolen i Kuron.

Blog Image

Kva skal ein eigentleg med så mykje klær når det er 40 grader ute:) Vegard i avslappa drøs med nokre Toposaer som ikkje kan eit ord engelsk, sjølvsagt.

MOMBASA, KENYA:

Blog Image

Blog Image

Blog Image

Rastajentene Margrethe, Synnøve og Linn på toppen av Fort Jesus med utsikt over Mombasa.

Blog Image

Blog Image

Metta av inntrykk, og litt solbrende, reiste vi lukkelege heim med fly frå Mombasa til Nairobi, og vidare til Amsterdam og Noreg. Takk for turen, og på gjensyn Afrika!